denne helga skulle nettnerden heim og herja i skianlegget, men vakna med låk røyst og noko varierande kroppstemperatur. skileiken vart difor redusert frå utøvar til(fjernsyns-)tilskodar, som ikkje er like stas, for i dag er det ikkje skiskyting ein gong. men me skal sjå på fjuking (skiflyging) seinare.

saman med forkjølinga fylgde ein djuptgripande uvilje til fagleg førebuing, så eg vart nøydd til å innføra løn etter mine heller stutte, men å kor effektive arbeidsøkter. me melder no direkte frå slik løn: tyngre rock (deep purple – stormbringer) på stereoen, kaffi, og blogging frå “Ord og uttrykk frå Hordaland” av Gunnstein Akselberg. eg har valt å dela eit litt stygt ord, sidan eg framleis er litt snurt for å ikkje vera på fjellet:

piltaskugge

fyrstelekken, pilt, vert ifylgje Akselberg “nytta om ein ‘liten smågut’. På Voss vert substantivet pilt også nytta om det mannlege kjønnsorganet. Det er nok helst i den siste tydinga at substantivet pilt både er mest kjent og mest nytta på Voss.” sjølv om me no veit det me treng for å skjøna samansetjinga, tek eg med litt meir frå pilt-artikkelen for låtts skuld: “Grunnen til at pilt vert nytta om det mannlege kjønnsorganet på Voss, kan vera at ein ofte nyttar personnemningar om denne lemen (…), som t.d. han vetle Sigmund eller han vetle Nils. Slik vert nemninga pilt eit mindre provoserande, ja, eit beint fram humoristisk alternativ til andre tabu- eller vulgærnemningar.” døma på personnemningar er løgne og særs overtydande på same tid. var eg utstyrt med pilt, skulle eg òg ha kalla han for han vetle Sigmund.

i artikkelen om piltaskugge, kan me lesa at “Etterlekken er substantivet skugge i tydinga ‘noko avbleika’, ‘noko redusert’: ‘ein skugge av noko’, ‘liten kar’ osb. Nemninga piltaskugge tyder såleis ein gut eller kar som er redusert på eit eller anna vis, ein som ikkje held mål på den eine eller andre måten, t.d. ein ‘tufs’.”

samansetjinga piltaskugge er ikkje særleg kjent utanføre Vossabygdi, skriv Akselberg. det er gjerne like greitt, sidan det må tyda at det ikkje er så stor trong til å bruka nemninga andre stader. landet elles skulle såleis vera stinnt av dugande mannfolk.

no held løna fram. nemner i fleng: spela nytt togspel med brørne, sjå fjernsyn, lesa bok, eta laurdagsgodt, sutla med vin, kaffi, te og brus. dessutan er det nasjonal fugleteljing denne helga, så me har nok å halda på med. eg har talt to: blåmeis (1) og kjøttmeis (3).