[2010]

«Når damp blir avkjølt, vil han ikkje alltid bli kondensert til væskedropar, sjølv om han er metta. Det må finnast små partiklar, kondensasjonskjernar, som dropane kan danne seg rundt. Støv og sot er slike partiklar, og dei dannar tåke over byar og industristader. Ion og små iskrystall kan også danne skyar. Dogg kan danne seg ved kondensasjon på flater som er så vidt uregelmessige.» (Allkunne

Tidleg morgon, eller ettermiddag. Uråd å seia sikkert, og eg hugsar ikkje. Ljoset er det same mest heile døgeret – umogeleg kvitt, kanskje fordi det vert silt gjennom skodda. Tað er mjørki, seier vi, mjørki er det festlegaste ordet vi veit nett no. Og heldigvis for det, så gjer det ikkje noko at skodda er konstant her. Rett nok vekslar ho mellom å renna fort fram og nedover, og draga seg tregt attende og opp, men ho skal ingen stad. Krinsar inn byen og berre ligg her.

På kjøkenet er fastlandsnorden samla kring eit felles prosjekt. Her står vi, fire land og tre liter rabarbrasyltety. Dei tre litrane er ei gåve frå husvertane; dei har nett forlate oss, ei veke før vi sjølve skal dra. Ei lita veke og veldig mykje syltety i ein stor kjele. Og vi kan absolutt ikkje lata noko vera att, står vi her og samtenkjer. Ikkje for alt i verda. – Dette er deres kærlighedserklæring til oss! fniser du alvorleg, med du lyfter ei sleiv syltety og let det klaska undringsverdig seint ned att i kjelen. Seinare skal du verta ho med mest syltety i sekken, sidan du tænker at sejle hjem, og difor ikkje risikerer overvekt på flyet. (Noreg må likevel ut med 180 DK, det gjev ein kilopris på kring 90 kr, med eit raskt overslag. Eg held tunge lærebøker i språk for vera medverkande. Overlagt.)

Kjærleikserklæringar kan ikkje verta liggjande i kjelen, så vi tek til å ha over på glas.
Man måst’ äta sylt till alla måltider nu.

Augneblinken er fest i skodda, ho er komen heilt inn i kjøkenet. Her ligg ho tung og skin, utanfrå og innanfrå, på dykk to føre vindauget, de held på med ymist. Ein blitz i sakte film, han festar biletet av deg som smakar med ei skei ned i kjelen, ler fortvila – Men ej, hvor er det også altfor sødt, det her! Det er det sannaste nokon har sagt.

[Gamle skisser frå ein sumar, løyste frå atterhaldet tyding 1 – 4. Mot betre vitande, for å øva på å syna meir enn naudsynt. For ein gongs skuld og fleire.]