her ser de kva dei vaksne borni i “blå gruppe” sysla med i vettraferien. på biletet ser de, ca frå venstre mot høgre: rova på eit tog me ikkje fekk til å køyra, eit romskip (med romvesen som berre er hovud), fengseløy (framme) med torturbasseng m/hai og ei slags celle som byggmeisteren sikkert kan greia nøyare ut om*, bakom fengseløya er ein gul heisekran som både kan svinga og heisa (viss ein er motvekt bak) og eit kvitt tempel, og framom og kringom køyrer ymse farty.

*gruppetilknytinga i blå gruppe var so som so – me arbeidde helst kvar for oss. stilt og konsentrert, med små engasjerte dryp av informasjon og kommentarar om kva me bygde. av og til høyrde hin etter, eller såg høfleg på det som vart synt fram, men det kom jo fort i bakgrunnen når ein sjølv søkte ihuga etter den optimale klossen.