færøyskordboka har mange ord eg ikkje visste eg trong før dei var der. i dag fann eg dette:

skarvakneppa kv1 tveir samankneptir skarvar / to samanknepte skarvar

det finst altså eit eige omgrep for to skarvar som knepper seg saman (eventuelt to daude skarvar som einkvan annan har knept saman), tenkte eg, så vedunderleg! eit omgrep som, når det fyrst er oppdaga, byr på fleire spørsmål enn svar, til dømes er det svært uvanleg eller vanleg at to skarvar knepper seg saman, sidan denne tilstanden har fenge sitt eige ord? kor ofte er ein nøydd til å omtala slike observasjonar (for ordet lyt vel ha vore nokså frekvent for å ha hamna i ei ordbok)? har færingane for lite å sysla med?

men, så synte det seg at det er parentestydinga som er rett. ei skarvakneppa er berre ein måte å bera to eller fleire daude skarvar på, knyter dei saman i nebben eller noko. eit knippe, altso. ikkje like fint som biletet av to fuglar som knepper seg innåt kvarandre på eit yttarste skjer, i gråvêr og sur vind. like fastknepte til kvarandre og steinen, som den galne omgrepsforståinga sit for meg.