Die oberen Stockwerke deines Wohnblockes sind hellblau angestrichen, der Himmelfarbe so nah wie möglich. Ein Chamäleonprojekt, das an hellen Tagen erfolgreich ist, wenn die Blöcke fest davon überzeugt sind, dass keiner ihre richtige Höhe sehen kann. An heiteren Tagen tauchen die Stockwerke 10 – 12 in den Himmel ein und kommen erst am Abend wieder hoch.

Du wohnst ganz oben, im zwölften Stock, fünfte und sechste Fester von der linken Seite (wenn man am Parkplatz steht und direkt auf den Block blickt). Es ist ein heiterer Tag, und du stehst am sechsten Fenster und schaust hinaus. Heute bin ich unsichtbar, denkst du, – immer wenn die Sonne scheint, gibt es weder mich noch dieses Stockwerk und diese Räume, die ich besitze. Lauter Zauber, aber er hört sich an wie ein Schicksal: An den schönsten Tagen muss dein Dasein verschwinden.

*
ljosblå

Dei øvste etasjane i blokka di er måla ljosblå, så nært himmelfargen som råd. Eit kameleonprosjekt som er vellukka på klåre dagar, då blokkene er visse på at ingen kan sjå kor høge dei verkeleg er. På klårversdagane dukkar etasje 10 – 12 inn i himmelen og kjem ikkje fram att før til kvelds.

Du bur heilt øvst, i tolvte etasje, femte og sjette vindauga frå venstre (viss ein står på parkeringsplassen og ser rett opp på blokka). Det er klårver, og du står i det sjette vindauga og ser ut. I dag er eg usynleg, tenkjer du, – så lenge sola skin finst korkje eg, etasjen eller desse romma eg eig. Det er reinaste trolldomen, men han lèt som ein lagnad: På dei vakraste dagane skal tilveret ditt forsvinna.

*

Tufta på røynlege opplysningar om blokkskikk og -bruk i Leipzig.