då kameramobilen framleis var ei ganske ny oppfinning, hadde nettnerden ein periode med massiv sjølvportrettering. (ein trong profilbilete på blink, må vita.) dette er faktisk ikkje så fælt lenge sidan som biletkvaliteten kanskje ymtar om, ein fem – seks år, kan henda? eg kom over mappa med sjølvportrett då eg logga inn på rotadroget (den gamle datamaskinen) for å finna noko anna som eg ikkje fann. og det som fyrst slær meg, er dette særs bestemte alvoret eg har trekt på meg på nesten kvart einaste bilete. pluss den like seriøse fargeredigeringa i photoshop. hm. var sur&tverr trendy i 2007? det er i alle fall ingen som kan koma og skulda denne ungdomen for å framstilla seg falskt og glansa på veven! eit utval prov:

Bild001

dette biletet hugsar eg for så vidt. eg var særs trøytt denne dagen, som ein kvar kan sjå.

blinkbilete

eit blink-bilete frå førre gongen hårbøyle var in. hårbøylen på biletet er eigentleg grøn, så har de eit inntrykk av photoshop-bruken. hårbøyle var ei vond trend. dei knepte på feil stad slik at eg fekk hovudverk, og laga glipe øvst. så her er det ikkje rart at eg er litt misnøgd.

blinkbrille
eg har lært korleis eg skil ut einskilde delar av biletet, og såleis kan ha farge på nokon delar, og svart/kvitt på resten!! dessutan har eg fenge briller, og det tykkjer eg er heitt. då som no.

fransk-på-døra
same teknikk som førre bilete, frå ein omfangsrik fotoserie teken då eg vitja ei venninne (den vesle tigeren) i Trondheim, var åleine medan ho var på jobb, og fekk tida til å gå ved å ta bilete av tinga hennar (+ meg sjølv, så klart).

gammalt blinkbilde
det fyrste blink-biletet, trur eg. (sidan eg ikkje har pannelugg her, og det har eg jo på dei andre.) merk at biletet er teke så langt ovanfrå at eg får rynker i panna.

snygga-skor-2

endå eit bilete frå serien med tinga til den vesle tigeren.
eg hadde veldig store auge den gongen.