framhald av dei realistiske skildringane av fjordferdsla utanføre stoveglaset. i dag er det faktisk so realistisk at det mest berre er fotografisk dokumentasjon! det finst no ein gong ikkje ord for å skildra dei ubeista – ubåtane? – de her skal få sjå.

1. fotograf: nettnerden. diverre smaug denne skapnaden seg tett inntil land på hi sida av fjorden, so det er ikkje so greitt å få svar på dei store spørsmåla: kva gjer denne greia? vert han trekt av båten framom, eller køyrer han for eiga maskin?

fulbåt2

her har han nett køyrt forbi ein drope på vindauga, som de ser:

fulbåt

2. fotograf: heimeverande rev. her er me ganske visse på at fyrste båten trekk hin, og at siste er utstyrt med ei kran som ser ut til å vera litt i største laget.

revbåt

reven har skillz med zoomen. “zooma” er forresten eit lydhermande ord, so har de lært noko i dag òg.

revbåt2

3. referat frå ei storhending 22:09 i går kveld, som diverre ikkje er dokumentert med bilete:

“…og elles kom nett ein båt vestanfrå rett mot her og svinga OPP! Mot normalt!!”

sms frå nettnerden til reven

det er sjølvsagt ikkje heilt greitt for utanforståande og andrestadsbuande å skjøna kor skilsetjande denne svingen er, men det er altså snakk om ein båt som fer utanfor oppkøyrde vågar. ein avvikar i dei fleste tydingar.