smitta av husmorblogginga hjå den heimeskrivande halvdelen min, kjem her eit utførleg oversyn over sist sette saker i salhusvegen.

1. ofte ser me ut. helst ut stoveglaset, men skrivande halvdel ser visst litt ut or kontorgluggen òg. utanføre glaset er det, som før nemnt, eit stort fjordaskifte med konstant ferdsle. nær sagt alt som kjem forbi her, er gildt å sjå, og skremmande mykje er teke bilete av. nedanfor kjem høgdepunkta frå den siste tida.

eg fekk lyst til å skri på akebrett då dette fylgjet kom forbi; fire båtar som har laga tog:
togbåtar

med turistsesongen fylgde eit flaggskip. trur det er ein veteranbåt frå Osterøy.
flaggskip

ein ljos kveld kom både gravemaskinskip og piggsvin forbi ein tur. piggsvin nedst til høgre.
piggsvin

slik ser det ut når ein lyt opp for å miga om natta:
askoy

og slik ser det ut når ein snigel kjem over vindauga:

snigel

2. andre gonger ser me inn. gjerne inn i ein skjerm. fyrst ser me “Tause vitner” eller noko anna i krimsjangeren, og dinest fylgjer jamt løgne filmar på youtube. det byrjar ofte med laugar, til dømes laugelaugen:

eller kattar som seier “hello”:

men i går ville skrivaren sjå folk som fall og trynte og slikt. ho angra rett etterpå, men me rakk då å få med oss denne jenta som fell av sykkelen på ein slags grasiøs måte:

ps: sjølve bruker me hjelm!

3. i kveldingi sit me ofte og ser i bøker. eller les, som sysselen eigentleg heiter. på denne tida av dagen er eg ofte trøytt, slik at blikket støtt slepper boka, og anten går i sauestir eller glir over til å glo på den lesande skrivaren ved bordet.

refur