/ eller motsett. lukkelege er sumarbøkene! som er valde til å fylla heile dagar og ikkje lyt venta til om kvelden, då dei kanskje kan lesast dersom lesaren ikkje er for trøytt. desse heldige utvalde bøkene har nettnerden av uvisse og tilfeldige grunnar ordna tematisk i hop. eg veit ikkje kva denne systematiseringa, og utvalet elles, fortel om meg, men sjølv kan eg fortelja at eg var utruleg nøgd med fjorårsbøkene, og ganske nøgd med dei frå i år. dei var løgnare, bøkene eg fann i fjor, og det spørst om eg nokon gong greier å setja saman eit like godt og rart utval som då. her er det lesne, etter år og tema og med ein skryteparentes for å visa språkleg mangfald:

2012: feministisk kvinnesumar, med hovudpersonar som stort sett styrer og slit.
Sara Stridsberg: Drömfakulteten (svensk)
Sylvia Plath: The Bell Jar (engelsk)
Patti Smith: Just Kids (tysk)
Ingeborg Bachmann: Malina (tysk /austerriksk)

2013: psykisk institusjonssumar! meir styr og slit!
Thomas Bernhard: der Atem; die Kälte (tysk /austerriksk)
Amalie Skram: På St. Jørgen (dansknorsk)
Hans Sande: Slepe rundt på døde dyr (bokmål og nynorsk)
Bøygen 1/13: Litteratur og psyke (ymse språk, mest norsk)

nettnerden skal no nedetter til sentraleuropa og nerda seg der, og dette vil sannsynlegvis føra til ei krass tematisk vending vekk frå institusjonssumaren. denne spådommen byggjer på ei liste med tips frå ein austtyskar, som (ut frå utvalet) liker bøker der den tyske historia har ei av hovudrollene. dette kan eg ha godt av, men det er snautt løye nok til å hevda seg mot sumaren 2012. men kven veit? og viss det er nokon som veit, vil eg ha tips!