– du har so mykje fint inne i hugen din, du, seier reven.

eit ferskt døme er manettankane som klumpar seg i hovudet når eg skal kvila middag. den blaute og tomme delen er inni hovudet og sperrar for ut- og innsyn, medan trådane kavar utanføre, framfor panna og augo, og krev å verta tenkte til endes. ei umogeleg oppgåve, og ein slitsam kvil.

– tankane er so lange! seier eg.
– og du kan brenna deg på dei, seier reven.

quallen-haufen

overskrifta: slik eg forstår det; ei oppmoding om å ikkje blanda saman marglyttur, det islandske samleomgrepet for havnesleslekta, med eit liknande omgrep, som etter eit snøgt biletsøk verkar tyda om lag det same. eller so har einkvan blanda i hop omgrepa likevel. og dersom ein skulle undrast over korleis eg hamna der: eg freista fylgja ein nesletråd frå nynorskordboka so langt attende som råd. tråden byrja her:

manet f1 (av norr marr ‘hav, sjø’ og nesle; eigenleg ‘havnesle’)(meduseform av) stormanet, gople brennmanet / glasmanet