framgangsmåte ein kan bruka for å få oversikt over, og forstå, innhaldet i eit liv.

MÅL: finna ut kva livet handlar om, kunna fortelja handlinga med eigne ord

STEG 1: oversyn:

kva tenkjer du at livet handlar om?
kva veit du allereie om livet?

(STEG 1,5: ord – lev over glosane i margen ein gong.)
dette punktet står i parentes, fordi ein i møte med dei fleste liv ikkje har ordliste tilgjengeleg.

STEG 2: lev fyrste avsnitt, utan å slå opp ord. Støtt deg på ord du allereie kjenner:

kva er tema i livet?

STEG 3: lev gjennom livet, og finn ut kva for ord du må forstå for å skjønna handlinga, og kva for ord som er mindre viktige. viktige ord er ofte verb og substantiv. prioriter desse. sjå i glosane, eller slå opp viss du er usikker. finn ut:

kva handlar livet om? (personar, tema)
forteljing: kva gjer personane i livet/ kva skjer med dei? korleis er utviklinga? kvar kjem personane frå, kvar endar dei opp?
tema: kva fortel livet om temaet? kva for opplysningar får vi om temaet?