fyrste bolken av undermedvitne brotstykke utan klåre koplingar til korkje einannan eller anna.

det er tidleg ettermiddag i huset heime på Voss, som for høvet ligg rett framom Domkirken i Bergen, midt i Skostredet. draum-eget undra seg også over den uklåre geografiske plasseringa, men sidan det hadde lite å seia for handlinga elles, fekk det passera. eller vent, Domkirken er jo svært sentral i handlinga, for det er der Reven er, ho har nett gått attom nova for å vitja ei gudsteneste. det er viktig for Reven å vera aktiv i trua si, og det er like viktig for draum-eget å akta interessene til Reven. draum-eget har difor tidlegare på dagen sagt at det er heilt í lagi at Reven skal til kyrkjes, sjølv om det her som i røyndi er slik at ho heller vil ha Reven hjå seg støtt.

dramatisk vert det fyrst då den obligatoriske galningen dukkar opp utanføre. me lyt læsa alle dører og halda vakt slik at han ikkje kjem seg inn, og samstundes dryger det med heimkomsten til Reven, som ikkje veit at ho må passa seg når ho går ute åleine. av ein eller annan grunn kan ho ikkje nåast på mobil, eller er det fordi me er redde for å forstyrra gudstenesta at me ikkje ringjer? det fylgjer ei god stund med stress, kav og gråting i heimehuset, ingen torer å gå ut, og Reven kjem ikkje attende. me vurderer å melda henne sakna hjå politiet, men tykkjer det er for flautt at me har mista henne berre eit par meter frå huset. me går og legg oss i staden.

Reven kjem lukkeleg attende når det gryr av dag, det hadde vore både nattverd og bønnemøte, det var difor ho vart så lenge. draum-eget løyner sinnet sitt, og seier ikkje noko om kor uroa ho har vore. ho er framleis oppteken av å syna respekt for religonen til Reven, og det er veldig upolitisk korrekt å kjefta på nokon som har vore for lenge i kyrkja. det verkelege eget er litt sint resten av dagen.