andre bolken av undermedvitne brotstykke utan klåre koplingar til korkje einannan eller anna.

tigeren er eigentleg snill, men ein veit jo aldri med slike dyr. draum-eget skal passa på at han ikkje stikk av frå rommet me er i, og der dyret av idiotiske grunnar ikkje er fest til noko. det er dumt å sovna, i fall villdyret vaknar og vil eta meg, så draumen ser til at det verkelege eget vaknar mange gonger for å sleppa verta eten.