eg sender sola til deg
seint ein sumardag,
seier songen

og tida vrir seg og står still

kveikjer eit over fem år gamalt flybussbilete;
teke ein tidleg trondheimsmorgon med skarpt solskin skeivt inn vindauga
eg har ein ganske ny cd og kjenner att ein song, den fyrste eg kan skilja frå hine
var det slik han feste tida i seg?

það er alvöru dag
utan indre kvervlar og isjøklar og skare
eg sender ei melding om cd-en eg høyrer
og i songblenken er eg ei eg liker å minnast