tredje bolken av undermedvitne brotstykke utan klåre koplingar til korkje einannan eller anna.

dette hende rett etter at eg fekk fri frå tigeren. i det som kjendest som fleire timar – men som i røynda (REMda) sikkert berre var nokre fåe sekund – leitte eg frenetisk etter joggeskorne mine i ein aldeles utruleg stor garderobe. kvar ledige plass på golv og benker i denne bomberomliknande og grellt opplyste garderoben var fylt med skor. det var difor heller avbakleg å føta seg, eg snubla ganske mykje og vakna kvar gong eg snubla (slik sett er dette berre tigerdraumen i ei ny drakt). mine eigne skor var naturlegvis ingen stad å sjå. til slutt tok eg berre med meg nokon som likna sånn nokolunde.