fjerde bolken av undermedvitne brotstykke utan klåre koplingar til korkje einannan eller anna.

same natt som eg har bala med villdyr og treningsty, er det ein liten brann på verandaen. sjølv om me ikkje har nokon veranda. eg ser brannen er eit lite bål innmed veggen, men eg gjev fanden i han, for eg er så trøytt etter all baksinga tidlegare denne natta.