femte bolken av undermedvitne brotstykke utan klåre koplingar til korkje einannan eller anna.

den vesle hesten, som er så liten fordi det ikkje hadde vore plass til ein normalt stor hest på uteplassen vår, står utanføre døra. men så har han brått fenge noko i halsen, og ligg på sida og rykkjer seg. sidan det verkar vanskeleg å ta heimlichgrep på ein hest, tenkjer eg at det beste er å slengja meg på sida hans med full tyngd. eg går ut frå at det får han til å hosta. eg vaknar rett før landinga, og undrar framleis på om dette hadde  fungert i praksis.