førre gongen eg var åleine heime, kom eit røsleg forskarskip og la seg til midtfjords. det vart liggjande eit døger mellom stoveglaset og fyrlykta, der det skein og snudde seg, synte seg frå alle sider. – sjå, eg har sleppt ankeret mitt her hjå deg, eg dreg ingen stad, sa skipet, og gjorde ein særs treg piruett rundt ankerkjettingen. vendinga tok sikkert tjue – tretti minutt, men eg veit ikkje sikkert, for eg iddest ikkje sjå heile framsyninga. neste ettermiddag hadde skipet drege både anker og av stad. dersom det kjem att, skal eg vera meir tolmodig med det. det var fleire megawatt vakent og heldt oppsyn medan eg sov.

no er eg åleine heime med fjorden full av fuglar. ein million forstyrra auge som siglar på ein straum, truande til å verta rablande gruppegalne kortid som helst.

fåglar

fåglar1