15:28@åsane terminal

i det iherdige og tidsklemmetilsidesette arbeidet med å innfri eigne ynske, har eg med meg ei bok kvar enn eg fer. no sit eg med Cathrine Knudsen på fanget, ventar på bussen (og har elles nett funne ut at eg ikkje gløymde vottane att på butikken likevel, som ei stund frykta, for eg hadde ikkje rokke å gå ned att på glatta, men det er ei anna soge), og ei kvinne bryt ut or straumen, daskar lett i boka, seier “så godt å sjå nokon med ei skikkeleg bok, alle andre sit med sånne (her gjer ho nokre snøgge lesebrettrørsler med hanskefingrane)” og forsvinn like fort som ho kom.

på bussen, der det eigentleg skal vera råd å få lesa femten minutt kvar veg, får eg lag med den høglytte ungen som alltid, kvar ein forharva verksvulne dag, skal heim samstundes som eg. ho, og far hennar sjølvsagt, er der jamvel om eg går ein time etter barnehagetid, eller ein time før eg eigentleg sluttar (det er her snakk om eit slingringsmonn på mellom tre til fire timar). ho er ei litt glad, men mest sur, andrestemme i samtlege låtar eg prøver gøyma meg i, og som eg speler så høgt at eg ikkje får lese kor som er. morgonbussen, på si side, trur han er eit fly, og køyrer utan ljos i kabinen når det er mørkt ute.