seint, men godt kjem årets jolakalenderpresentasjon frå Salhus sokkaspøt og kveitematstove. min eigen kalender er fyrst, sidan bileta vart liggjande slik då eg lasta opp. herlegdomen er kjøpt i Berlin, er handbeglittert (handglitra, skulle det tyda, men eg er ikkje i tvil om at ein maskin hadde greidd jobben vel så godt.) og frakta heim i ein koffert som var litt mindre enn kalenderen. kalenderen berga likevel heilt greitt, berre nummer 24 har opna seg litt, men sløyfa skjuler dette nokså godt. plasseringa den nemnde luka har heilt øvst i treet,  tyder på at ho ikkje vert det grann spanande å opna uansett.

jkalender

mange spente dyr kring treet! eg er spesielt nøgd med at det er ei nøtteskrike med, sidan det bur ei her i heimen frå før. kalendernøtteskrika har fenge ein misteltein. stovenøtteskrika har fenge sin eigen kalender. vent og sjå.

røyskatt

røyskatten gjev god kontakt, og villsvinet snur på hovudet for å høyra betre, sidan røyskatten har så låg røyst.

ugle

det finaste eg har fenge i kalenderen så langt, er denne vesle ugla. ein snartur innom wikipedia tyder på at ho er ei haukugle.

som nemnt ovanføre har den lokale nøtteskrika (kallenamnet grunna helgesnop-preferansar) også ein kalender. denne kalenderen har mor til nettnerden sytt, og berre fantasi og tyngdekraft set grenser for kva som kan vera oppi/hengt på. i år har underteikna laga Olav H. Hauge-kalender. slik ser han ut:

hkalender

du treng:
– ein kalender med lommer, klyper eller knappar eller alt dette (eg har luksusutgåva, som de ser)
– Olav H. Hauge: “Dikt i samling”
arvidlappar
– ein kveld der kalendermottakaren er ute i eit ærend som tek lang nok tid til å tråla seg gjennom heile Olav H. Hauge sine samla dikt, for å velja ut dei 24 som skal vera med i kalenderen

du gjer:
vel ut dei 24 dikta du ynskjer å ha med i kalenderen. i utveljinga kan det vera greitt å passa på at dikt frå alle diktbøkene er med, og at det ikkje berre er triste og vonde dikt som er med. klypp arvidlappane i høvelege betar, og pynt med det du har. skriv sidetal på baksida av arvidlappane. dette er det forresten lurt å gjera før du pyntar, dersom du har litt tredimensjonal pynt, fann eg ut på den harde måten. er det fleire dikt på ei side i boka, er det opp til kalenderopnaren å velja kva dikt som gjeld.

hkalender2

merk at røyskatten er med i denne kalenderen òg!

av andre storhendingar har den skrivande husmori trekt ei visdomstann for fyrste gong. her kjøler ho ned den herja kjaken med ein frosen kvitost.

kristin_ost