på bussen heim las eg heile “Vindauga i matsalen vender mot fjorden” i eitt strekk, eventuelt i ein strek, ein kjørestrek frå Åsane til Gjerskvål. det er ein kjørestrek i boka. og vatn og djupvassfisk og andre ting som bur i vatnet. ferjene som er oppå. og symjing og skriving. her konteksten til kjørestreken:

Eg sparkar sporadisk i singelen. Eg speler fotball med han. Eg blir oppteken av noko anna enn meg sjølv: Ringbussen skiftar gir nede i krysset. Han skremmer ei rosemåla postkasse inn mot hekken til villahagen. Vegen går rundt hagen. Bussen klarer svingen, men det ser klumsete ut. Han er så firkanta mot dei mjuke kurvene. Det sprutar småstein over rosebedet; flekker av vegsøl frå ein kjørestrek.

~ Mette Karlsvik: Vindauga i matsalen vender mot fjorden

5-aren rundt Eidsvågneset har det om lag slik, og eg brukte ta han som løn dersom eg hadde arbeidt godt på jobben og fortente ein litt lengre, stillare tur med mykje finare utsikt – og litt innsikt – innover mot byen. eg trur ruta om neset er sett opp slik at bussane møtest i dei krappaste svingane. passeringa ser umogeleg ut frå eit passasjerperspektiv, og triggar soleis vyrdnad hjå oss og byrgskap hjå sjåførane.
det kan båe partar ha godt av.

då Karlsvikstreken var slutt, fekk eg tid til å tenkja på hjort i ein halvtime før eg var heime. (tanketemaet kjem nok av at eg i tenkjande stund køyrde gjennom hjorteeldoradoet Bulken, etter å ha køyrd på elg6 dagen i førevegen.) kor lang tid mun det ta før ei hjortestamme har lært seg at dei ikkje bør ferdast omkring E16 likevel, når dei har levt godt på nett desse jorda i minst tusen år? cirka tusen år til? har evolusjon og røynsle gjort hjorten klokare, slik at han tek til seg ny lærdom fortare enn vikingehjorten ville gjort? er hjorten sløgare enn me trur, og spring ut på vegen i rein protest mot stamvegen som skitnar til matgraset?

eg tek det eg, du veit ikkje noko du. du er nyss komen, du, seddu, tenkjer hjorten. eg kjem til å stå her, eg, seddu.