her om kvelden sat eg og budde meg til bykøyringstime med skiltoversynet bakerst i køyrelæreboka. etter fire timar praksis i målområdet (Bergen sentrum), skulle det syna seg at denne skiltpugginga var heller nyttelaus, då skiltinga i sentrum er heilt vilkårleg, har lita skrift, endar opp i inkje, eller står på passasjersida av bilen, slik at skiltet er usynleg heilt til ein har køyrd seg godt inn i den einvegskøyrde vegen galen veg (eller til køyrelæraren seier frå, i mitt tilfelle). i Bergen sentrum må ein setja all si lit til merking i veg, og denne merkinga er gjerne laga av brustein som har samme farge som vegen. om det ikkje alltid har vore klårt, vil eg no ein gong for alle slå fast: det finst ikkje sjarmerande at denne byen absolutt skal gjera alt på sin eigen måte, heller ikkje når den eigne måten er ubrukeleg og til bry og plage for dei innfødde (som køyrer etter sydlandsk maner og ditto individuelle regelverk, og på denne måten unngår å bli brydde og plaga). (størstedelen av avsnittet ovanfor er skrive i affekt)

midtvegs i fareskilta sklei det litt ut, for då kom eg til denne gjengen:

dyreskilt

ei lita samrøde i sofaen fylgde, om lag slik:

– sjekk då, dyra er framstilte nett slik dei oppfører seg!
– korleis?
– jau, elgen,  reinsdyret og hjorten spring fort over vegen, medan husdyra berre står og glor.
– haha, ja det er jaggu sant!
– det er sikkert lurt. er greit for turistane å vera budde på flokkar av kyr som står og heng i vegen, kyrne kjem ikkje til å gå vekk når bilen kjem. det hadde vorte feil å framstilla dei i rørsle.
– men reinsdyret er feil, det burde vore teikna bakfrå. reinen spring framom bilen minst ein kilometer, før han innser at det er mindre stress å ha seg ned i grøfta.