då reven og eg flytte saman, fekk me ta med oss all legoen til i alt sju sysken. til jol fekk underteikna endåtil ei heilt ny øskje, og legomengda vert etter måten mykje brukt. tidlegare har de sett at sambuarane har bygd både kran, torturbasseng og romvesen. denne gongen har me halde oss til dei nære ting, og laga ei slags skisse av vår framtidige heim. slik ser han ut:

heimen

nede frå venstre: oransje vegg, katten Astrid, Ida og katten Kjersti i sofaen, Kristin på veg inn på kjøkenet (det har me ikkje bygd enno) etter kaffi, arbeidsrom, bokhyller med stige opp til soverommet.

kristin

Kristin har sett punktum i ein Alf Prøysen-stubb, og tek seg ein velfortent pause.

astrid

Katten Astrid har fenge ein fisk som er nesten like stor som ho sjølv. merk lampen (svart stang med grå, rund rugleskjerm) i bakgrunnen – av alle møblane i heimen var det denne det tok lengst tid å byggja.

bokhylle

me har bokhyller opp til taket, og må difor bruka stige for å nå opp til dei øvste bøkene. vidare prioriterte me plass til bøker føre trapp, og må difor bruka den same stigen til å koma opp på soverommet. Kristin demonstrerer.

hoggorm

på soverommet har me faktisk ein hoggorm. han er oppe. her kjem han ut av skåpet i høve dei olympiske leikane i Sotsji. vekkjarklokka slær på ljoset slik at me skal vakna av det i staden for lyden. det skjer ikkje så ofte. den ekte vekkjarklokka har svært sterkt panelljos som me har limt ein bete papp framfor. lego-versjonen har klokke som ein kan vri heilt rundt, for å unngå dette problemet.

ida

her sit underteikna, med ufornuftig bakverk på bordet og katten Kjersti på fanget. eg har også endeleg fenge tak i ei gamal ølkasse i tre (her: plast), som de ser nedst til høgre. uklår Astrid-katt nedst til venstre.

soverom

sidan det er klissete valentinsdag i dag, har me letta på kisteloket der alle kjærleiksbreva frå våren 2012 ligg. elles har senga skrått vindauge over hovudenden, slik at me kan sjå på både nedbør, fly og stjerner før me sovnar.

bilframme

her er bilen, som trass i relativt grei storleik er svært vanskeleg å koma seg inn i for ein legofigur. det er ein hybrid/bastardbil, som kan ha vorte til i eit uplanlagt møte mellom ei middels stor stasjonsvogn og ein dryg land rover. avkomet er ein firehjulsdriven allbruksbil med god bagasjeplass og mange blinkljos. bilen har også meir vindauge enn vegger, noko som gjev godt oversyn.

bil

god plass til ski i bagasjerommet!

Hopprenn

og når me er inne på ski: her ser me tyske Carina Vogt ta gull i fyrste OL-hopprenn for kvinner. god vind i bakken og openberr homopropaganda i bakgrunnen.