sørsamisk

ein må alltid ha eit ambisiøst sjølvdanande prosjekt på gang, skal ein kjenna at ein lever, ikkje minst for at hjernen skal få kjenna at han er til (i all forenklinga og gjentakinga han driv med til dagleg). eg bryner han på sørsamisk grammatikk, og me er komne til verba, og dagens vesle nedtur:

alle verb kan ha former som viser at handlinga skal byrja, er i gang, eller er avslutta, unnateke være. kva er dette for slag? grammatisk ironi?

* (det er) morosamt å gå på ski.”morosamt” er verbalet. hjernen min hadde null problem med å akseptera det. eg er litt imponert.