for ein fire års tid sidan, dreiv nettnerden med norrøn litteratur og språk, og oppdaga då kva for ei kjelde til underhaldning gamalt sogestoff er. her har i nettnerdinga vore skrive om Ingjalds-tullingen i soga om Gisle Sursson, og underdriving i Gylvaginning. på nyåret fire år seinare, har eg funne fram sjølvaste Snorre Sturluson, over sekshundre sider sogeskjemt, mykje alvor pluss kart. på spesielt bra sider har eg sett ein liten brett, og i det vidare fylgjer eit breidt brett-utval:

fyrst ut: Soga om Olav Tryggvason. om Olav er (mellom mykje anna) dette å seia, at han er gift med Tyre, som ikkje er heilt nøgd med den ordninga. ho sur og tverr fordi kong Olav ikkje vil henta medgifta hennar frå eit tidlegare ekteskap som ho har rømt ifrå, og græt og gjer seg vanskeleg jamt. i utdraget nedanfor freistar Olav å gle henne med ein uvanleg stor kvannstilk, men får til svar at han er ein feiging og mindre enn andre menn. Olav svarer med å reia til utferd for å visa kva han er for kar, og denne ferda ender opp med slaget ved Svolder, der han lèt livet.

kvann

mannen som skal ha æra for at me har fått “kunnskap og visshet om det som er fortalt om kong Olav Tryggvason”, er ein skald som heiter Hallvard, og som ifylgje soga ikkje er til å lita på. Hallvard vert difor kalla ein “vandrædaskald”, som i fotnoten er omsett med “en vanskelig, brysom skald”. Snorre Sturluson bruker lang tid på å greia ut om kor upåliteleg Hallvard er, truleg for sjølv sleppa svara for eventuelle løgner og anna fantaskap frå vandskalden.

trass i at Hallvard er truande til å laga ugreie kva tid som helst, tek Olav Tryggvason han til seg som skald, og gjev han eit sverd i løn for det heller ringe tilnamnet. som ei slags prøve, lyt Hallvard Vandrædaskald dikta ei strofe om sverdet. det er ei ganske teit strofe, men kongen verkar nøgd.

vandrædaskald

neste soge ut, er soga om Heilag-Olav, eit meisterstykke i oppbroten kronologi og sprang i tid og rom og alle retningar (slik eg ser det). eg vel difor å gle meg over einskildhendingar, i staden for å prøva å få oversikt. ei slik hending, er eventyrstunda ein morgon i Tønsberg, der Heilag-Olav dreg ein Askeladd – eller er det motsett, tru? døm sjølv! nedanfor fylgjer utdraget om kongen ingen kunne målbinda, og emnet for samtalen er den stygge kroppen til Torarin Nevjolvsson, tidlegare skildra slik: “Torarin var fælt stygg, og det verste var at han var så stygt skapt, han hadde svære, stygge hender, men føttene var likevel enda mye styggere.”

torarin

mellom manndrap og kroppsleg styggedom, er det også plass til nærleik, som denne uventa (både for lesar og dei involverte) kosestunda mellom Torfinn jarl og Torkjell Åmundason. Torkjell meiner truleg at jarlen skal få kappa hovudet av han, men det ser ut som kos. dessutan endar det godt.

koz

litt leitt og litt godt er det å lesa at ungdommen også for tusen år sidan låg inne og drog seg på godvêrsdagar. framgangsmåten for å få dei opp og ut var også den same før som no: set dei i eitt dårleg ljos samanlikna med nokon dei ikkje liker å samanlikna seg med (her: Toralv frå Dímun), og dra på med omvendt psykologi (“veddar på at de ikkje får sett i stand den skuta som ligg her og myglar”). her demonstrert av onkel Trond som strammar opp sønene til bror sin.

toralvs-sønir