endå eit framhald av “utsyn frå stoveglaset”.

etter ein lengre periode med lite fjordferdsle (eller berre lite overskot til skipsnerding i stoveglaset), tok aktiviteten seg valdsamt opp i dag, sundag føremiddag. mellom dei forbifarande er ein baderomspastellfarga lysegrøn sandbåt, ein ordinær raud sandbåt (med ei slags klype i staden for grabb) og dette kranbeistet:

kranbeist

kranbeistet er faktisk ein gamal kjenning, som tidlegare er dokumentert av heimeskrivande husmor og rev. flautt for kranbeistet å vera så stort og fælt, og så kan det ikkje køyra sjølv ein gong.

kranslep

eit anna, og nokså gamalt fjordsyn, er desse fiskebåtane som låg her eit døger i haust.

fiskebåtar

båten nedanføre heiter Seabird og har helikopterlandingsplattform. han ligg ofte og dreg seg, anten ute på fjorden, eller inne i hamna i Bergen. her er han på veg inn i stova for å høyra på lørdagsrådet på p3.

seabird