ein hjort som er mykje større enn det eg venta at ein hjort var, står litt gøymd bakom nokre tre på nedsida av vegen ved sjukeheimen. han stirer rett på bussen vår når me køyrer forbi, og det er som om me avslører kvarandre gjensidig, passasjerane oppe på vegen og hjorten nede i graset. hjorten tek oss i å ferdast naturstridig fort, i å vera inne utandørs, i å bruka nesten all tida på andre ting enn å finna oss mat og øksla oss, men eg ser at han er litt flau over å stå slik og lurkika på sivilisasjonen.