eg, fanden sjølv, bur i internettmaskina. nærare sagt held eg til i ulike nettforum, der eg med snare fintar, kontante blokkeringar, slagkraftige replikkar, ei truverdig mengd rettskrivingsfeil og berre litt caps lock, har overtydd tallause sjeler til å fylgja meg (på twitter). faktisk har eg fenge fleire fylgjarar i løpet av dei siste ti åra, enn eg greidde dei føregåande 2000, dei no mattvorne glansdagane då eg utelukkande var væpna med brennevin, kortspel og felemusikk. den gongen kunne eg lura folk ut i fylleslåsting, steling og hor, og dinest kveikja oppunder folkesnakket, til dei fordømde stod nakne og ærelause att. på veven kler dei falne av seg med vilje, stel frå seg sjølve (“du får tre millionar dersom du overfører overføringsgebyret på 200 000 til denne kontoen i Kongo”), og lirer friviljug or seg eine skamlause utsegna etter hi, utan å ha drukke ein drope: 

“Jeg gjør absolutt det jeg kan for å unngå å kjøpe norsk mat. Er så lei sutringen til disse bøndene.” seier fylgjarane mine. “Det er på tide å kvitte seg med vår rabiate bondestand og starte storimport fra Europa. Da får vi halverte matvarepriser, mangedoblet utvalg og mye bedre kvalitet. La bare kommunist-bøndene gå konkurs. Det tjener landet og forbrukerne stort på!”, held dei fram, ulukkeleg og re-tweetande uvitande om at kunnskapsløysa og egoismen dei syner på veven, får logane til å leika seg oppetter beina deira.