framlegg til øvingar:

drøs (engelsk: smalltalk)
målet med øvinga: drøsa med ukjende personar høveleg lenge utan å trø i salaten med emne som religion og politikk, eller upassande vitsing med etnisitet, kjønn, seksuell legning, hovudmål o.l.

buss – opnar for tallause øvingar. målet med samtlege er å te seg så skapleg at ein ikkje uroar hine passasjerane, og det er ein føresetnad å gjera det godt i alle øvingane viss ein vil koma på pallen:

– venta med å gå inn før dei som skal gå av er ute
– ikkje snakka i mobiltelefon i utrengsmål. i trengsmål gjera samrøda så kort som råd, snakka lågt, og unngå private og utleverande emne
– personleg hygiene
– unngå røykjing og tung kjerringparfyme

facebook
målet med øvinga er å unngå at facebooksida di får vitjarane til å fremdschäma* seg.

– status: reglane er i slekt med reglane for bruk av mobiltelefon på buss; unngå personleg utlevering, syting og klaging og ugjennomtenkte politiske kommentarar. merk: alt dette er faktisk lov dersom statusen syner at du meistrar sjølvironi og rettskriving, og ikkje oppdaterer facebookstatusen din oftare enn du byter undikk.

– bilete: tek du sikte på medalje i denne greina, skal du unngå bilete med meir hud enn du ville synt ute i det offentlege rom (og skulle du vera av typen som syner så mykje hud ute i det offentlege rom, er det andre øvingar du mislukkast i, for å seia det slik. jamfør neste øving). sjølvportrett av muskelfleksing framføre spegelen er grunnlag for disk.

det offentlege rom
målet med denne øvinga er å te seg som folk, og å ikkje hindra eller forstyrra andre. ja, det er den same regelen som vikepliktregelen i trafikken: du har i utgangspunktet vikeplikt for alle andre ute i ålmenta. vanlege grunnar til diskvalifisering i denne øvinga er å gå så mange i breidda på fortauet at andre ikkje kan passera, leggja an på folk når du er full og ubrukeleg, og å bruka lang tid i kassa fordi du meiner du skal ha pengane attende for noko du kjøpte ein gong i førre veke (og åt opp).

*frå tysk: å skamma seg på vegner av andre, som har drive med pinleg framferd