dei som er med:

Kristin (bakerst i biletet):
kristinogkaiz

Den Feite:

kk11

Den vesle svarte og kvite / Kjetta:

kk1

husreven har, som me ser på det øvste biletet, mest røynsle med hund, men skal – og det er faktisk ein plan me har laga saman – dela den framtidige heimen sin med kattane Astrid og Kjersti. det lyt tilvenjing til. heldigvis for oss er gata stinn i kontaktsøkande kattar med mildt lynne, og i dag var me ut i vegen og helste på to av dei. (Kristin si oppleving av hendinga, kan du lesa her.)

kk13

Kristin har såvidt rokke å setja seg ned, og Den Feite er snøgt på beina og siktar skallen inn mot ein arm som kan klappa.

kk12

her har katten teke nokon rundar rundt Kristin, og er i ferd med å velta seg ned for å deiga seg på asfalten.

kk9

etter asfalten deiga han seg litt på låret til fotografen. etter dette gjekk me opp i svingen for å sjå om Den vesle svarte og kvite låg i busken sin. ho (me trur det er ei hoe) gjorde det:

kk7

denne katten var også kjapp på potane, og fotografen rakk difor ikkje å kontrollera at horisonten var bein då møtet skulle knipsast.

kk2

Den vesle gjekk snøgt inn for landing. dette er forresten favorittkatten til Kristin, for denne røyter minst. merk at biletet er litt uskarpt oppe i håret til Kristin. det er fordi Den Feite har vore oppi linsa med snuten.

kk4

det er også eit pluss at katten kosar seg med tunga ut.