du treng:
– eit vatn med mykje stein. det kan gjerne liggja på fjellet.
– skjel frå ei stor mengd sik. siken kan etast etterpå.

framgangsmåte: skrap skjela av siken, og slepp dei ned i vatnet på den staden du ynskjer å etablera diskoteket. slepp også litt fiskeslo ned på dansegolvet, det trekkjer effektivt til seg gjester.

på biletet under ser me nokon av dei fyrste gjestene. sidan dei i utgangspunktet er svært godt kamuflerte, er dei her utheva i raudt:

fiskedisko

gjesten på det neste bildet er det faktisk mogeleg å sjå utan utheving. grunnen til at han er så dryg, er at han har ete ein del av dei andre gjestene, endåtil med tilskodar. pluss fiskesloet.

fiskedisko2