ein thriller. (attforteljing etter minnet)

– det var action her i dag då du var vekke! då eg skulle henta posten, såg eg at det kom fire sånne predikantar, du veit. og dei skulle ned vegen vår. så eg skunda meg ned vegen, slik at eg fekk eit godt føresprang, slik at dei ikkje skulle sjå kva hus eg gjekk inn i. eg læste døra, og var på veg til å sjå ut vindauga, men det gjorde eg ikkje, då, i tilfelle dei skulle sjå meg. eg tenkte å gå inn i stova, men det vart til at eg stilte meg her (går inn i gangen der det ikkje er nokon vindauge), og stod heilt i ro. så ringde det på. eg stod her og var heilt still. etter ei lita stund prøvde eg å sjå litt ut soveromsglaset, om dei framleis var der. eg såg ikkje noko. då eg våga å sjå ut vindauga på kontoret, runda dei svingen nede i vegen.
– så “action-en” var at du stod her inne i gangen?
– ja.