Skottland i stein” er ein lang, løyen og lærerik artikkel i Dag og Tid denne veka. han er skriven av Morten A. Strøksnes, og handlar om skottane si nasjonskjensle. før du vert var det, har du lese fleire sider om ein stein med mange namn og viktig symbolkraft. du finn litt av artikkelen på nettsidene til Dag og Tid, og nokre gilde utdrag her:

“Den andre hendinga som unisont tende nasjonalkjensla til skottane, hadde Mel Gibson i hovudrolla. Før eg reiste til Edinburgh, hadde den store skotske forfattaren John Burnside fortalt meg Brave Heart-historia si i Berlin. Burnside hadde nett flytt tilbake til Skottland då filmen kom i 1995. Alle fem kinoane i Dundee synte filmen. Under framsyninga lo Burnside høgt fleire gonger på grunn av  den melodramatiske og vilt historisk ukorrekte framstillinga. Sjølv om alle nasjonalistiske mytar i høg grad er eventyr alle stader, hadde dei i denne filmen ikkje lagt inn nokon fakta. William Wallace spring omkring og drep engelskmenn med det skotske flagget måla i andletet, fleire hundre år før det vart oppfunne.”

“På grunn av alt dette kom eg til Edinburgh Castle for å sjå The Stone of Destiny. Det er ærleg tala ikkje ein spesielt karismatisk stein, men eg skulle gjerne hatt eit fotografi av han, tenkjer eg idet eg går ut av bankkvelvdøra i motsett ende av det vesle klamme rommet. Eg har betalt over 200 kroner for å koma inn og sjå denne steinen, og overskotet går sikkert til dronning Elisabeth. Frå korridoren, gjennom den opne døra, snikfotograferer eg diskré steinen frå hofta og begynner å gå med raske steg mot utgangen. Ei kvinne i stram drakt dukkar opp frå ingenstad for å be meg sletta fotografiet ho på ein eller annan måte har sett meg ta, truleg med løynt kamera. Eg svarar at eg vart beden om å ikkje ta biletet inne.
– Du tok biletet av innsida frå utsida.”

“Samuel Johnson hadde knapt noko pent å seia om Skottland. Han meinte landet var laga av to ting: ‘Stone and water’. Nokre stader var det litt jord på toppen, men veldig lite. Steinen kom alltid fram.”

“Keltarane, for ikkje å snakka om piktarane og dei som kom før dei, heilt attende til steinalderen, hadde alle eit intenst tilhøve til stein. Dei laga steinsirklar, bautaer, minnesteinar, offersteinar, steglar og så bortetter. Den gamle nasjonalsporten Highland Games går i stor grad ut på å lyfta, bera og kasta stein (pluss tømmerstokkar).”

“(…) eg set meg og les bunken med skotske aviser i baren ved sida av tre stamgjester som heng der. Alle framsidene handlar om Commonwealth-leikane som starta i Glasgow dagen før. Som du sikkert ikkje veit, består the Commonwealth av 53 nasjonar. Nokre er uavhengige. Nokre er sjølvstendige. Nokre er ingen av delane. Alle har vore ein del av det britiske imperiet. Dronning Elisabeth er framleis overhovudet. I landa som deltek, vert Commonwealth-leikane, som vert arrangerte kvart fjerde år, framstilt som Dei olympiske leikane, berre endå litt større. Det verkar som om ingen har våga å fortelja Commonwealth-landa at ingen, bortsett frå dei sjølve, bryr seg om leikane deira.”

for dei som ikkje er med i den eksklusive abonnementeliten (det er ikkje særleg mange her inne, så det er nesten litt eksklusivt å ikkje abonnera òg), er det ikkje for seint: avisa er i sal heilt til torsdag!

bonus: bilete frå Edinburgh, heimstaden til artikkelsteinen.
edinburgh

steinen bur her

edinburgh1

Hume, etter ein rangel

edinburgh2

yndlingssmauet til fiske-, garn- og nettnerden