1: det indre ordskiftet om kven som er mest skamlaus: han som står ved bakdøra og gaular om å få sleppa ut, eller bussjåføren som oversåg han i utgangspunktet, det heile kopla til minnet om den gongen eg uviljug køyrde tur-retur Møhlenpris – Fyllingsdalen, prisen for å halda seg taus.

2: skodda og eg semst om at så lenge ho dekkjer til byfjella øvst, er dei dobbelt så høge og ligg i Hardangerfjorden, der eg kan gå ut og plukka alle desse epla som grammatikken dreg i, eple som slepper greina og vert ubundne former.