sist veke var media vortne leie av å referera til (og til dels i stor grad setja seg inn i) kva KS og lærarane var usamde om. no fekk lærarane gjera seg ferdige med streiken, før han råka Den Uskuldige Tredjepart, elevane, for hardt! nettavisene har laga fleire oppslag om dei negative følgjene streiken vil kunna ha for elevane, men det er skjeldan at Dei Uskuldige sjølve får føra ordet i desse sakene. det er helst andre som talar om dei, slik det òg helst er andre som talar om lærarane sin arbeidssituasjon. nettnerdinga har sett seg lei av dette, og slepp her til ein elev:

ps. nettnerden passar på å nemna at ho ikkje, i ei akutt ri av arbeidstrong, har drive streikebryteri for å få eleven til å levera denne teksten, og at han etter alt sannsyn ikkje er skriven av ein av hennar eigne elevar.

Doktor Daniel

Hei!

For ei veke sida skulle eg starta i 2. klasse, som forsøk nr 2 på å fulleføra videregåande etter at eg droppa ut sist. Eg hadde manna meg opp heile ferien, og var ganske so nervøs. Då eg til slutt kom, fekk eg berre beskjed om å dra heim att. Rådgjevaren var teken ut i streik, so dei visste ikkje kva dei skulle gjera med meg som skulle starta i ny klasse.

Sist eg gjekk på skulen hugsar eg at eg kunne ringja læraren når som helst etter skulen viss eg lurte på noko, og mange av dei kunne eg senda fyrsteutkast til oppgåva mi til so dei kunne sjå på det og fortelja meg kva eg kunne gjera betre. Mange av dei gjorde ein so god jobb dei kunne for at elevane kunne få toppkarakter, viss me berre hadde lyst. Somme hadde so mange vikartimar at dei knapt…

View original post 359 fleire ord