det er ingen løyndom at reven (k) og eg (i) lever i eit bokhi. i framtidi skal me ha eit sånt rom der alle veggene er bokhyller, og om sant skal seiast, so dreg den framtidi seg nærare for kvar dag som går. og det er ikkje berre fordi tida går. me, og då særleg reven, med mange kontaktar i forlagsnæringa, har det med å auka boktilfanget rett som det er. sopass monaleg har auken vore, at nokre av hylleborda i special edition-billyhylla med oransje innside har byrja bøya seg under tyngda. difor fekk reven nye hyller til gebursdagen sin (type bok-, ikkje silikon-, for dei med pondusteikneserie-referansar). dei fungerer som både bokhyller og skjenk, samstundes som dei får rommet til å kjennast større. det siste forstår me ikkje heilt, for me har då verkeleg auka møbelmengda, men her er i alle fall stova etter fornyinga:

hydle

stålampen har fenge ny og litt vel sterk ljospære, og lagar strikkemønster i kvar ei krå. teak-bordet vart gravd fram frå alt det som no står oppå skjenken (+ litt til), og får lov til å vera bord i staden. bryllaupsgåvebiletet har fått kome ut frå soverommet. der er me berre når det er myrkt, og det er keisamt å vera bilete i myrkeret.

her skulle det vera eit nærbilete av mellomrommet mellom sofaen og hyllene, men det skapte seg. biletet synte at dette mellomrommet var nett passe stort til symaskina. “nett so da sko vå telaga,” sa reven (ja, hen sa det faktisk nett slik).

lego

litt etter at oversynsbiletet øvst vart teke, flytte desse inn framfor bryllaupsgåvebiletet. her ser ein underteikna som uroar reven i skrivearbeidet (eit frekvent scenario), og kattane astrid (svart og kvit) og kjersti (kvit) som har fenge ein stor fisk. meir om desse figurane, er å finna her.

stol

dette er utsikta hin vegen, men eg har gøymt ein del rot bak stolen, då. denne utsikta har eg sett i nesten heile dag, for det var ganske stygt vêr ute.

uglekliss

bonusbilete: løgne ogle som ser ut som oss. (kliss).