i høve bursdagen til heimeskrivande husmor, stryk båten Wilson forbi med fint kveldsljos på slep. (grunnen til at me veit at dette er Wilson, er eit anna, mykje ljosare bilete, der namnet er tydeleg å lesa om ein forstørrar båten litt) det vert visst sagt at ein skal lata anten himmelen eller havet “vinna” i slike bilete, det vil seia at horisonten ikkje skal vera på midten av biletet, men litt ovanfor eller nedanfor. ikkje ein gong i photoshop greier eg å velja ein føre hin her. Winston freistar vega opp for symmetrien, ved å sigla seg langt ut til venstre.

wilsonrosa1