Oppførselen til dyr kan vera overlag interessant og lik vår. Eg fylgjer ofte med sauen i fjøra. Han trakkar kring taredungane liksom gamle kjerringar på tøyutsal. Eg vonar dei finn noko ordentleg, til låg pris.

Gyrðir Elíasson: Utsyn frå stoveglaset