på universitetet i Bergen kan ein ta emnet lingvistisk metode. emnenamnet vert korta til lingmet, ei avstytting som har fest seg feil veg hjå meg, metling, og vorte til eit eige universitetsemne i den assosiative hugen min. emnet metling – metamfetamin-lingvistikk – granskar verknadene denne syntetiske sentralstimulerande drogen har på språket til brukaren. emnet vil særleg undersøkja korleis metamfetamin påverkar syntaksen gjennom dei ulike stega av rusen, men også uttale og ordtilfang skal granskast. sosiolingvistiske aspekt kan vera relevante, til dømes dersom funn syner at sosiolekta i met.-miljøet skil seg frå sosiolekta til opiat-brukarane. ei innføring i rusrelatert slangspråk vil vera del av emnet, for å gi studentane den naudsynte bakgrunnskompetansen dei treng for å kunna nytta seg av det innsamla materialet i metamfetamin-korpuset.

*nettnerden seier nei til narkotika og hadde berre koffein i systemet då denne idéen kom til