denne teksten er eit tillegg til reveritet frå i går, der reven tek føre seg syngjevanene sine. her greier hen utførleg ut om jolesongar og instrumentsynging, men nettnerden saknar ei omtale av den mest særprega sullinga: vignettnynninga. stundom med framføring av programnamn inni (der namnet elles ville vorte sagt i vignetten). dette er sopass sært at eventuelle planar reven kan ha hatt om å halda dette løynd, lyt fara.

vignettnynninga er truleg ei naturleg fylgje av at heimeskrivande rev&fru berre har radio til selskap store delar av dagen. hen er ein av dei heldige som kan få med seg alle dei gode programma på p2 i faktisk sendetid, og plar til dømes tøya ut til programmet ekko. kjenningsmelodien til ekko er ein av dei reven kan godt, og han har høg sullefrekvens – eg høyrer han minst ein gong i veka (den reelle frekvensen er nok høgare enn dette, då det er truleg at den heimeskrivande syng meir når hen ikkje har nokon å snakka med). låten til nyhenda sit også godt, på ein god morgon rekk me over tre sendingar, so det seier seg sjølv. gjerda med vignettnynning, liknar det reven gjer når me speler kjende plater: hen set gjerne i å syngja kjenningsmelodien før denne melodien kjem i radioen. til dømes midt i omtalen av dagens ekko-program.