etternamnet mitt tyder noko slikt som “(i / frå) haugane”, og referansehaugane til namnet ligg i Nord-Trøndelag ein stad. men – haugane er òg i hugen til namneberaren, som synest byggja nye i kvar ei krå. i haugevis. er dette namnet si skuld, skal tru? dei siste vekene har hauginga nådd nye høgder, og her er utkomet:

bokhaug

bokhaug i reven si bokhylle

bokhaug2

bokhaug med te i mi bokhylle

badhaug

kleshaug utanfor badet

stolhaug

ting som turkar på ein stol i gangen 

pondushaug

haug med enkel underhaldning inne på soverommet

golvhaug

her har me stabla dei bøkene som ikkje har nokon stad å vera sidan hylla dei var i braut saman. så har me lagt litt ymse oppå. (merk den nye, galldyre mac-ladaren som deigar seg i hjarteformasjon i framgrunnen. må ikkje tru eg fell for den, eg veit nok at leidningen din er like skral som på den førre, ditt pengasluk)

revhaug

reven sine arbeidshaugar, med mykje høgdeskilnad

sofahaug

eg laut ta med nesten alle lærebøkene mine heim denne helga. dei kviler på sofaen. lengst til venstre ligg ein haug ingen av oss har vilja vedkjenna seg, men me har rydda han no

sofahaug2

ymsehaug med innslag av spøt i hin enden av sofaen

sovhaug

kleshaug på soverommet. blir nesten aldri rydda, fordi det er kaldt der inne, og sparepæra i lampen er så treg. eg orkar ikkje vera der inne lenge nok til å sjå kva som ligg i haugen

frekvent, men i skrivande stund fråverande haug: haug med klesvask reven har bretta, men ikkje lagt på plass, og som eg aldri rydder vekk fordi det er kaldt og myrkt på soverommet (jf. førre haug).