= skiskyting. høgdepunkta i helga. her er nokre andre høgdepunkt:

I. skimelding

eg nytta nokre dagar austpå for å sjekka stoda på skiforma eg byrja å trena opp for to vintrar sidan, då eg fann ut at løypelangrenn var kjekt. I fjor fann eg ut at det var ganske vondt og bale òg. på den minst motiverande skituren i fjor hadde følgjet heldigvis med ei anonym bikkje som seinka andre i fylgjet såpass mykje at det ikkje vart så flautt for meg å vera treig. MEN I ÅR: plutseleg og uventa meistringskjensle i sporet! eg kunne til og med leggja ut på tur åleine. eg anar eigentleg ikkje kvifor, men her er nokre hypotesar:

1. opptrening. sidan eg ikkje ville skjemma meg ut på ski i vinterferien, la eg opp til to-tre obligatoriske treningsøkter kvar veke etter jol. kondisjon og styrke. etter ei veke vart eg sjuk og slapp, og kom meg ikkje heilt i gjenge att før veka før skiveka. den hanglande opptreninga kan såleis ikkje forklara skisuksessen.

2. kviling. jamfør førre punkt. i freistnaden på å kvikna til vart det ein del middagslur, pledd og te med ingefær og honning. slik samla eg opp mykje energi og krefter som kom godt med i tungskøyta mildvêrsnø. snøen fylgjer oss vidare:

3. vestlandsk bakgrunn. dette trur eg er den avgjerande grunnen bak storforma i år, og det har ikkje noko som helst å gjera med at eg er oppvaksen i skibygda. det er haldningar til snø det handlar om. særleg snø i løyper, som me ikkje driv så mykje med i vest, unnateke i påsken, viss det framleis er snø. den snøen er gjerne så dårleg at me ikkje gidd å gå i løypa, og traskar rundt i skogen i staden, eller opp på eit fjell. i møte med den eksotiske løypekulturen austpå, er kystvestlendingen berre oppteken av OM det er snø i løypa. anten er det snø, eller så er det ikkje snø. i vinterferieveka austpå var det snø, så eg var nøgd.

austlendingane, på si side, har eit gradert system her, og det er eit ein-til-ein tilhøve mellom skiføre og nøgdsle (det å vera nøgd): snøen syg = skituren syg. sidan vestlendingen ikkje kjenner dette graderte systemet så godt, kjende eg heller ikkje så mykje skilnad frå dag til dag, registrerte berre at det var skikkeleg bakglatt kvar dag. løyste dette greitt med skøyting. austlendingane hadde nye og litt ulike analyser av løypa kvar dag, jamført med eit idealføre som ikkje var å sjå. draumen om soriamoriaføret verka å hidra dei litevetta i å gle seg over føret som faktisk fanst. dette handlar kanskje ikkje så mykje om fysisk form, men mangelen på ei gradert skiføreforståing har nok hatt ein del å seia for mitt mentale, nøytrale til positive, møte med skisporet i år. og slikt verkar jo inn på både meistringskjensle og innsats.

II. det beste frå dagens islandskførelesing

1. forkortingssuffikset -ó. denne endinga kan korta allslags ord, og knyter seg til den fyrste stavinga til ordet. her er dei beste døma, det fyrste er med av interne grunnar:

Laugó. kortform av «Laugarvatn», ein stad sør på Island.
sleikjó. kortform av «sleikibrjóstsykur», som tyder kjærleik på pinne. ein kan jo forstå at dei trong ei forkorting her.
grautó. kortform av Húsmæðraskóli. her kan lesarane sjølve få gissa seg fram til samanhengen. (Reven veit det, og får ikkje lov til å seia noko)

2. islandske avløysarord (ord som vert nytta i staden for utanlandske framandord). det islandske ordet for telefon, sími, hadde opphavleg tydinga «tråd». eg reknar med alle lesarane er gamle nok til å skjøna kvifor dette var ei god løysing. Skype på islandsk er myndsími (mynd = film el. bilete), og smarttelefon heiter snjallsími (snjall = genial, smart, snedig, lur). jetfly heitte fyrst þrýstiloftsflugvél (trykkluftflygemaskin), men her var det også opplagt at ein trong ei kortare form. då kom þota, som er avleidd av verbet þjóta (susa). Sidan har dei laga breiðþota (747-jet) og snjoþota (akebrett!). helikopter heiter þyrla (virvla).