kjetta til ein slektning gjekk rundt ei blomsterkasse kvar gong ho skulle ut verandadøra. sidan var bogerørsla så godt innarbeidd at katten heldt fram med å utføra henne i årevis etter at blomsterkassa var flytt. me opna døra, og kjetta gjorde ein slags dans ut til venstre, kring den no vekkflytte hindringa, før ho gjekk ut. eg forstår kva ho bala med – Kristin flytte nett skrivebordet inn på kontoret, slik at vegen frå kjøkenet til sofaen vart ein bein strek, men kroppen vil gå rundt.