på Prøysenhuset, ein dag i juli: eldre dame (∼ 80) i skjorte med turiststad-reklametrykk, jakke med påtrengjande fargerikt blomemønster, halsklut i heilt andre fargar og fin pynteblom i håret flyttar litt på markblomane som står på bordet der ho sit, arrangerer dei slik at dei står bak maten. så tek ho fram eit lite digitalkamera og tek fleire bilete av lunsjen sin.