nyhetsmåren er eit morgonaktivt dyr, og ein reknar med at han har solid utbreiing i heile Noreg frå 06:33 fram til dagsnytt klokka 9. bestanden ser ut til å variera til ein viss grad i takt med svingingane i DAB-nettet. nyhetsmåren er kvalitativt svært god, og kan vera spanande å fylgja med på det fyrste kvarteret. deretter kjem han fort inn i eit særs gjentakande mønster. han har få naturlege fiendar, men det er venta at kutt i lisenspengane vil svekkja livsvilkåra monaleg.

ei slags kjelde: store norske leksikon