tidlegare har eg teke føre meg at det ser ut til å vera eit klårt samband mellom etternamnet mitt, og trongen eg har til å laga haugar kringom i huset. her hin dagen fann eg ut at eg ikkje kjem meg unna førenamnet heller. litt bakgrunnskunne om den lokale bruken av ordet kvervel trengst for å forstå denne samanhengen:

kvervel vert her i heimen nytta om sjelelege plager, såkalla hugilt. reven definerer det som ein innvertes turbulens. eg trur fleire kan kjenna seg att i at slike plager ofte kjennest ut som noko som rører seg på innsida, gjerne i kvervlar, driv på, snur seg og gneg. ein kan få, ha og verta kvitt kvervelen, ofte kjem han utan grunn, og det treng heller ikkje vera nokon særskilt grunn til at han fer att. kvervlane til nettnerden har det likevel med å koma til nokså faste tider, der dei mest grunnlause (men ofte stridaste) kvervlane kjem i dagane før menstruasjon. elles er det nesten fast kvervel på sundagar, også nokså grunnlaus, men truleg knytt til at det er slutt på den tida ein kan rå over heilt sjølv (fredag ettermiddag til måndag morgon).

eg har til no levd i trua om at kvervlane råkar alle like hardt, men eit oppslag i Norsk Ordbog (1873) av Ivar Aasen syner at eg kan henda er hakket meir disponert for å få dei enn andre. kvervlane heiter nemleg det same som eg:

idakvervel