som meldt i ein kommentar inne hjå Fridtun som teiknar og fortel, observerte me her om dagen (for ganske mange dagar sidan) ei hending Fridtun skildrar i ordelaget “ein av nabokattane som leikar med ei mus på plenen vår”. denne leiken var det berre katten som var med på, men det er litt uvisst om katten vann, for han vart avbroten av nokon ungar som tok fangsten frå han. musa døydde nok kor som er, så ho har uansett tapt mest. dette er elles ein retteleg flink katt, som så vidt me har sett har teke mange gnagarar og ingen fuglar sidan han kom hit. me vonar han tek rotter òg, det skal det visst vera ein del av her i traktene. her er nokre glimt frå katten i aksjon:

grjakt4

dette blikket trur eg tyder “shit, no jaktar eg i nokon andre sin hage att. er det nokon som har sett meg?”

grjakt2

her tek musa opp kampen

grjakt5

grjakt3

der var det blikket att. musa nyttar sjansen til å koma seg litt unna

grjakt

nei, seier katten. det er han som er kjipast i garden

grjakt1

katten bestemmer at dei skal leika litt lenger oppe i hagen. eg har sett at andre jaktøkter har enda brått fordi mysene har falle ned gjennom gjerdet, så dette er nok eit trekk for å unngå at slikt gjentek seg.