bloggen har vore litt tam no medan nettnerden freistar å få i land ei masteroppgåve, men det er heldigvis berre bloggen det går ut over. her kjem ei litt tilfeldig samling bilete, som syner at eg har då opplevd litt det siste året:

1: eg var med på å byggja dette retteleg flotte vedladet:
vedalad

2: eg helste på smalen ovanfor hytta til anonymt opphav. dei gav ikkje god kontakt, men så hadde eg ikkje med mjøl heller.
smale

3: eg var med på biltur til Helgøya i Mjøsa, der me åt så mykje lunsj at det nesten ikkje var plass til all maten på bordet:
luns

4: eg var med på ølsmaking av Rørosøl på familiehytta Mabipibu. her står dei i rangert rekkjefølgje, Spell-Ola var best, An-Magritt keisamast. (det var ikkje reint fleirtal for denne rekkjefølgja.)
ølsmaking

5: eg køyrde til og overnatta i ei tretopphytte saman med reven / frun. her ventar eg på at elgen skal koma forbi på myra, noko eg rekna med kom til å skje, sidan utsikta la opp til det. det gjorde han ikkje.
tretopp

6: eg tok med frua på telttur. det var heller friskt, så no veit me at teltet toler sterk vind og regn.
tyinfjell

7: dette er ikkje mi oppleving, men eit uttrykk for glede som låg i kjøleskåpet ein dag då kona endeleg hadde funne blodpølse på nærbutikken att, etter ein lang blodmatfattig periode.
blodpylsa

8: ei vekes tid var det varmt i Salhus (det var sjølvsagt etter ferien). då var eg på badetur på det lokale svaberget. her er badevakten som var med:
eghjartanynorsk

9: her er ei and som slappa av på ein tangklase:
and

neste gong: fjorden baby!