Tryggvi: Eg trur eg høyrer æva.
Oddur: Kva høyrer du?
Tryggvi: Æva. Berre prøv å lytta, ikkje pust, men lat att augo, og lytt, gjer sånn her, og då kjem æva til deg som ei eldgamal forsoning.

Ikkje øydelegg alt no då, seier Oddur, og byrjar å sjå ikring seg.

Men eg høyrer ho, og eg vil at du også skal gjera det, ingen må gå glipp av ein slik magisk augneblink. Æva er som eit kjempestort, tagalt kyrkjeorgel.

Du burde ikkje lesa så mykje lyrikk, for stundom er det som om nokon har skite i hjernen din.


Jón Kalman Stefánsson: Fiskarnir hafa enga fætur
(i eiga, ustø omsetjing.)