eg: ida, 28 år. språknerd. har bachelor i språk og informasjon, med spesialisering i tysk. etter det har eg underprestert kraftig i mitt eige språk på årsstudium i nordisk, og vore høgt og lågt på praktisk pedagogisk utdanning. eg bur saman med reven. når me får eigen bustad med husdyrløyve skal kjersti og astrid bu hjå oss òg.

bloggen: opprinneleg ein fagblogg for det noko utsvevande faget huin102. innynda seg snøggt hjå eigaren og vert no nytta òg på privat basis. kan henda mest på privat basis.

katten heitte myshild. meir om ho og namnet hennar her.

9 kommentarar to “bloggen og eg”

  1. Torill Says:

    eg kjem frå Lom, og no lurar eg voldsomt på kva ein “lomhund” er.

    mvh
    ikkje-akkurat ein hundekjennar

  2. idafarmacia Says:

    eg har jo oversett det nedst i teksten! det er det vossa-lokale namnet på “lemen”. så det er ikkje ein hund i det heile, berre ein bråkete liten gnagar.

  3. Torill Says:

    oups. der kan du sjå. eg kan skulde på at eg er gamal og ser dårleg. eg veit godt ka ein lemen er. dei finns sikkert i Lom til og med. takk for svar som eg kunne funne sjøl!

  4. Ida Says:

    for ei FANTASTISK side! skulle berre ynskt eg kom på den tittelen sjølv… eg var faktisk på nettsnoking etter ein god måte å seia dagen derpå på nynorsk.

    veit du tilfeldigvis?

    1. ida Says:

      takk for entusiastisk kommentar! eg har no konsultert bibelen, altså “med andre ord”, men dei hadde ikkje noko godt å koma med. “dagen baketter” eller “baketterdagen” er det beste eg kjem på, og det er jo ikkje særleg bra..

      1. Ida Says:

        Bibelen svikta ja. Det hender dessverre den gjer det, og det er jo ikkje alltid så lett å finna ord.. Baketterdagen er gøy, blåmandag best i samanhengen, men heller ikkje heilt blink. Eg grublar vidare, men takk i allefall til både deg, Ida, og Martin.

  5. Martin Says:

    1) Etter ein rangel.
    2) Blåmåndag.

  6. sonjaper Says:

    Ååh, eg som ikkje har oppdaga denne bloggen før no. Eg har sterke aningar om at eg har gått glipp av noko her. Det er berre ein ting å gjere; bruke heile helga på å nilese bloggen😉

  7. ida Says:

    velkommen! det er ganske systemlaust her inne, men det kan jo vera du finn noko du har gått glipp av likevel. det hender jamvel at ég gjer det…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s